Forum: Foreldre og barn RSS
Hvorfor spør 4-åringer så mye?
Elev-forsk stipendiat undrer seg...
Avatar
Oyvind (Administrator) #1
Brukertittel: Dixi et liberavi
Medlem siden Jul 2005 · 813 innlegg · Sted: Eidsvoll
Gruppemedlemskap: Administrators, Members
Vis profil · Lenke til dette innlegget
Emne: Hvorfor spør 4-åringer så mye?
Idar Mestad er PhD-student i fysikkdidaktikk ved Universitetet i Bergen.

Sist desember skrev han en artikkel i Bergens Tidende som jeg nettopp fikk snusen i. Den heter Kvifor spør alle 4-åringar så mykje? og inneholder interessante observasjoner og påstander. Her er noen utdrag fra artikkelen med kommentarer (alle uthevninger er mine).

Spørjebarnet

Det å utforske naturfaglege fenomen viser seg å starte lenge før barna har begynt på skule. Fireåringen min er det Magne Raundalen har kalla eit «spørjebarn». Alle observasjonar, alle objekt, alle handlingar skal utforskast, og dette fører til at dei fleste setningar han uttalar startar med «kvifor» eller «korleis»:

«Pappa, kvifor brenn stearinen i lyset på adventsstaken?» «Kvifor er det kaldt ute i dag?» «Korleis kan vatnet i kaffitraktaren bli svart når det først er heilt blankt?»

Eg burde vore kry og glad over at guten min verkar så interessert i å finne forklaringar på det han opplever. Han er allereie godt i gang med det løpet som skal gjere han til det OECD kallar «ein framtidig arbeidstakar» med sjølvdriven trong til å lære. Men spørsmåla han kjem med kan sjølv for ein fysikklærar vekke fleire kjensler av frustrasjon enn av stoltheit. Det kan verke som at spørsmåla er eit automatisert ritual han kjem med for å halde samtalen i gang:

«Fordi det er slik det er!»

«Pappa, kvifor køyrer du denne vegen?» «Fordi den er raskast» «Kvifor er den raskast?» «Fordi eg brukar kortare tid fram til barnehagen.» «Jammen, kvifor det då?»

Guten tvinger meg ut av mi eiga tankeverd. Eg må slå av bilradioen og anstrenge meg nok til at eg kan formulere eit svar som eg kan håpe han er nøgd med. Men forklaringa mi vert ofte ikkje godteke. Han kjem med oppfølgingsspørsmål som får meg bort i utleggingar som for han er meir tilslørande enn forklarande. Difor har eg ofte avbrote dei gjentakande spørsmåla med ei bortforklaring: «Fordi det er slik det er!»

Barnet spør så mye at den voksne går lei og svarer, slik man ofte kan høre barn svare når en ivrig voksen er igang med å fritte dem ut om et eller annet: "Fordi..."

Et annet argument Mestad oppgir er at for å svare dekkende på alle barnets oppfølgingsspørsmål, må man komme inn på stoff som barnet ikke har forutsetninger for å forstå, altså blir svaret mer tilslørende enn opplysende for barnet.

Men Mestad glemmer å nevne et opplagt handlingsalternativ: å stille spørsmål tilbake til barnet. Et effektivt motspørsmål burde være ganske enkelt: Hva tror du?

Hvis spørsmålet er hvorfor det er om å gjøre å bruke kortest mulig tid til barnehagen, burde barnet kunne forholde seg til spørsmålet: Ja, hvorfor tror du det er viktig?

På den måten kunne man innlede en hel serie med spørsmål slik at rollene blir snudd om. Nå er det den voksne som stiller spørsmålene, og barnet som svarer.

Etter noen økter med dette antar jeg barnet vil tenke seg bedre om neste gang det skal til å stille et spørsmål.

Forklaringar hos småborn

Tidlegare har ein meint at barn ikkje kan forstå ei forklaring før dei er i 7-8 årsalderen. Ut frå eit slikt syn treng ikkje vi vaksne bry oss så mykje om korleis vi svarar barna våre når dei undrar seg. Men i seinare tid har ein gjort fleire studiar som tyder på at dei både er interessert i og kan forstå komplekse årsakssamanhengar. Dei har eit ønske om å få forklart årsaker, og dei brukar spesielle samtalestrategiar for å få det til. Barna synest å vere meir nøgd når den vaksne gjev ei forklaring enn ei bortforklaring, og dei er flinke til å følgje opp svara vi gjev dei slik at dei får sett ting på plass. Studiar frå USA og Mexico har funne at det er barn i 3-, til 4-årsalderen som ivrigast til å spørje, og at det gjeld i meir eller mindre grad alle, uavhengig av sosial og kulturell bakgrunn.

Selvfølgelig kan små barn forstå forklaringer. Ikke bare det: De kan også selv gi forklaringer. At det må "studier" til for å få oss til å se dette, sier litt om hvor uselvstendige vi er blitt i våre vurderinger av vår egen livsverden.

Barn søkjer tryggleik

Kva skal fireåringen med alle desse forklaringane? Fleire forskarar meiner vi menneske frå tidleg alder har trong til å sjå årsakssamanhengar. Forklaringa kan gje oss oversikt og tryggleik til å orientere oss i verda vi lever i. Den sveitsiske utviklingspsykologen Jean Piaget hevda at det kjennest konfliktfylt når vi erfarer noko som vi ikkje kan forklare med vår forståing av omverda. Vi menneske søkjer å løyse slike konfliktar med å finne nye måtar å forstå verda på som passar betre til det vi har erfart. I ein fireåring sin verd vert nesten alt dei observerer konfliktfylt på denne måten, fordi deira forståing frå før er så enkel og mangelfull. Difor søkjer dei mot den vaksne for å få hjelp til å finne ei forklaring.

En forklaring gir bare trygghet så lenge den ikke utfordres. Og enhver forklaring kan utfordres ved nye spørsmål. Spesielt forklaringer som andre (voksne) har kommet med. Målet er jo da heller ikke at barnet skal nå et nivå hvor det ikke lenger finnes konflikter - hvilket er umulig - men at barnet kan leve med konflikter og fremdeles ha være trygg i seg selv. Slik trygghet-i-konflikt er bare mulig dersom barnet lærer seg å stille spørsmål og forholde seg kritisk til verden. Å absorbere forklaringer er ikke nok.

Naturvitskapeleg forklaring

Naturvitskapen har mykje til felles med eit fireårig spørjebarn. Den freistar å finne svar på «kvifor» og «korleis» ved å studere fenomen eller prosessar i naturen og teste idear til moglege årsaker. Difor har forklaringa ein sentral plass for naturvitarar.

Ei forklaring kan skildre eit fenomen i detalj, slik at ein kan følje og forstå ein prosess. Ein kan til dømes forklare korleis julematen vert fordøydd ved å skildre korleis den vert omdanna på vegen frå den gapande munnen til muskelcella. Ei forklaring kan og søkje å gje årsak til ei hending. Til dømes kan ein ved hjelp av naturvitskaplege idear forklare årsaka til at vatnet på bakken av og til frys sjølv om det regnar og er plussgrader.

Ei forklaring har som mål å gjere oss kjende med naturen for å forstå meir om korleis den oppfører seg. Ut frå spesielt gjevne vilkår vil ein då kunne føreseie framtidige hendingar. Naturvitskaplege forklaringar har såleis vore eit fantastisk verktøy som gjer at vi menneske også kan sei noko om framtida og planleggje våre handlingar ut ifrå det.

Vel og bra dette. Men forklaringer handler om mer enn å gjøre oss kjent med naturen. De skal også gjøre oss kjent med oss selv: Hvorfor er musikk viktig? Hvorfor tenker vi? Hvorfor er ikke alle rettferdige? Svar på slike spørsmål krever mer enn bare ett svar. De krever en serie med spørsmål og svar: en dialog hvor forklaringer blir til, svinner hen, og gjenoppstår.

I motsetning til naturvitenskapen, som ganske riktig spør som en 4-åring for å få mest mulig klare og greie svar, er filosofien mer å betrakte som en gammel vismann som vet at et svar alltid bærer et nytt spørsmål i seg - enten vi nå befinner oss innenfor en naturvitenskapelig eller en eksistensiell ramme.

Naturvitenskapens tenkemåte er barnets tenkemåte, mens filosofiens dialektiske tilnærming i utgangspunktet er barnet helt fremmed. Den må følgelig læres. Og læres bør den dersom vi ønsker at barnet skal utvikle den grad av selvbevissthet som Sokrates utviste da han erklærte at det eneste han visste var at han ingenting visste.

Kvifor druknar ikkje fisk?

Kva vi svarar barna våre kjem gjerne an på kor slitne vi er når dei spør. Vi vaksne responderer ofte ulikt når vi sit i bilen heim frå barnehage, eller når vi ein morgon har sove godt og kan ta oss tid med barna. Viss barnet som studerer akvariefiskar spør kvifor fisken ikkje druknar under vatn, så kan den enklaste utvegen i første omgang kan vere å svare «fordi det er slik». Ein annan måte å snakke med barnet på er å observere fiskane saman med dei og snakke om kva som skjer samstundes som ein observerer. Kanskje ein gjennom observasjonane oppdagar at det er luftbobler under vatnet og at fisken fangar dei. Viss barnet er eldre, kan vi oppmuntre dei til å fortelje: «Veit du noko om dette? Fortel!» Så kan vi leggje til med det vi sjølv veit, der det passar inn.

Dette er opplagt og pedagogisk - med andre ord en smule forutsigelig og kjedelig. En friskere tilnærming til tematikken hadde vært å kaste følgende motspørsmål på barnet: Hvordan vet du at fisken ikke har druknet?

Kvifor spør alle 4-åringar så mykje? Bergens Tidende, desember 2010
Lukk Mindre – Større + Svar på dette innlegget:
Verifikasjonskode: VeriCode Skriv inn ordet du ser på bildet i tekstfeltet under. (Bare skriv inn bokstavene, små bokstaver er greit.)
Uttrykksikoner: :-) ;-) :-D :-p :blush: :cool: :rolleyes: :huh: :-/ <_< :-( :'( :#: :scared: 8-( :nuts: :-O
Spesielle tegn:
Gå til forum
Ikke logget inn. · Glemt passordet · Registrer
This board is powered by the Unclassified NewsBoard software, 20150713-dev, © 2003-2015 by Yves Goergen
Tid: 2017-09-21, 10:47:26 (UTC +02:00)